FRUKT OG BÆR

Dette dyrkar me

Me dyrkar over 30 ulike frukt- og bærtypar på Sekse i Hardanger. Mange av dei har fleire sortar under seg – berre morellane omfattar 24 sortar.

TYPE

Epler

Me har ein lang eplehaust, byrjer tidleg august og slutter i midten av oktober. Me har dei fleste aktuelle sortene som lar seg dyrke. Likevel, epler er berre ein liten del av det me held på med.

0 sortar
Ingen sortar er lagde inn her enno.

TYPE

Moreller

Moreller er hjartebarnet til Morellmannen, og me er så glade i frukta at me har valgt at garden skal ha modne moreller lengst mogeleg, heile 9 veker frå slutten av juni og ut august månad på eitt normalår, du får ikkje meir sommar enn moreller.

0 sortar
Ingen sortar er lagde inn her enno.

TYPE

Plommer

Fyrste teiknet på haust er sjølvsagt plommer når ein bur på fruktgard. Vel, om ikkje hausten er igong så er den vertfall ikkje langt unna. Norske plommer veit me er heilt i verdsklasse kva det gjeld sødme, konsistens og aroma. Me har også her valgt å strekke sesongen så langt det går frå slutten av juli til midten av september.

0 sortar
Ingen sortar er lagde inn her enno.

TYPE

Bringebær

Bringebær er mange sin favoritt, og me dyrker dei både på friland og i tunnell, fleire varianter. Frå midten av juli og ut september.

0 sortar
Ingen sortar er lagde inn her enno.

TYPE

Jordbær

Ein sommer utan jordbær er begredelige greier altså. Me har valgt å lage det til med jordbærplanter som tjuvstarter lenge før sommaren er igong, og når dei tek ein liten pustepause i juni så tek dei vanlege sommarbæra over, før dei andre kjem att i midten av juli og produserer til langt uti oktober om høva litt til rette for det. Nærare seks månader med jordbær det..

0 sortar
Ingen sortar er lagde inn her enno.

TYPE

Pærer

Pærer er den frukta me har mest tre av, og dertil mest tonnasje. Kort og hektisk sesong, midten av august til midten av september med ein rekke varianter alt etter smak og utsjånad.

0 sortar
Ingen sortar er lagde inn her enno.

TYPE

Rips

Skal du ete noe skikkelig friskt ein lat sommerdag, gjerne med litt sukker og fløte til, kanskje til og med vaniljesaus, då er det rips som setter standarden.

0 sortar
Ingen sortar er lagde inn her enno.

TYPE

Stikkelsbær

Eitt underlig velsmakande bær som har så mykje beskyttelse i form av pigger på greinene sine at det er ikkje alltid like morosamt å hauste dei, men likevel, dei høyrer til i sesong.

0 sortar
Ingen sortar er lagde inn her enno.