← Tilbake til frukt og bær

Plommer

Mallard

Sesong / modning: Slutten av august

Er Mallard oppkalla etter den engelske stokkanda – mallard – med sitt imponerande fargerepertoar? Eller finst det ei heilt anna historisk forklaring som me enno ikkje har klart å grave fram?

Godt spørsmål.

Det me veit, er at Mallard er ein gammal engelsk plommesort med historie heilt tilbake til 1700-talet. Historia fortel at sorten vart oppdaga meir eller mindre ved eit tilfelle.

Men når ein smakar ei perfekt moden Mallard, begynner ein nesten å tvile på akkurat den delen.

For kan dette verkeleg ha vore tilfeldig? Eller stod det ein svært dyktig gartnar der ein gong på 1700-talet som skjønte nøyaktig kva som skulle til for å lage den fullkomne plomma?

For det er nesten det Mallard er.

Nesten.

Smaken er i ein heilt annan liga. Intens, søt, kompleks og med den rette balansen som gjer at ein ikkje berre et plomma og går vidare – ein tek ei til. Og gjerne ei til etter det også.

Dette er rett og slett plomma blant plommer.

Fruktene er mellomstore til store, konsistensen er framifrå, og steinen slepp kjøtet lett når plomma er moden. Trea leverer gode avlingar, og når Mallard er klar for sal, er det ikkje nødvendigvis produksjonen som er den største utfordringa.

Det er å ha nok.

For dette er ei av dei plommene folk kjem tilbake etter, og enkelte er meir enn villige til å stå i kø når dei veit at Mallard er moden.

Sorten har likevel sine små utfordringar. Han kan vere litt utsett for plommepung, noko me strengt tatt ikkje ønskjer oss.

På den andre sida…

Når treet sjølv produserer meir enn nok, kan ein kanskje kalle det biologisk tynning og late som alt var planlagt? 😀

Mallard er gammal. Skikkeleg gammal.

Men sjølv om ho stammar frå «17 pil og boge», treff ho framleis midt i hjartet av smakslaukane.

– Gammal engelsk sort med historie tilbake til 1700-talet
– Mellomsesong
– Mellomstore til store frukter
– Fantastisk søt, kompleks smak og framifrå konsistens
– Steinen slepp kjøtet lett når plomma er moden
– Gode avlingar
– Svært populær – dette er ei plomme folk kjem tilbake etter
– Litt utsett for plommepung – eller biologisk tynning, om me skal vere positive 😀
– Plomma blant plommer