Plommer
Valor
Når resten av plommehagen stort sett har takka for seg, står Valor att og held sesongen i gang litt til.
Valor vart i si tid introdusert som ein potensiell sein hovudsort, og på papiret hadde ho mykje av det ein kunne ønskje seg. Ho er sjølvfertil, kan bidra med pollen til andre kompatible sortar og produserer store, flotte frukter seint i sesongen.
Og flotte er dei verkeleg.
Valor er mørkeblå, avlang og stor, med eit utsjånad som gjer seg svært godt i salskorga. Det er ei plomme folk legg merke til.
Smaken er god og typisk plomme, men fruktkjøtet er litt fastare og tørrare enn hos dei mest saftige sortane våre. Ho når dermed ikkje heilt opp til Mallard og dei andre smaksbombene på akkurat den skalaen – men Valor har eit anna kort å spele.
Ho kjem når dei andre er ferdige.
Når siste hovudsort er hausta og ein eigentleg har begynt å innstille seg på at plommesesongen er over, gir Valor oss ei ekstra veke med plommer.
Hos oss har ho derfor fått ein fin dobbel funksjon: som pollensort i plommehagen og som ei flott sein plomme til direktesal.
Ikkje nødvendigvis plomma som skal starte festen.
Men Valor får vere den som sløkkjer lyset.
– Sein sort som avsluttar plommesesongen hos oss
– Store, flotte og avlange mørkeblå frukter
– Sjølvfertil og nyttig som pollensort
– God og klassisk plommesmak
– Litt fastare og tørrare i kjøtet enn mange andre sortar
– Gir oss om lag ei ekstra veke med plommesesong
– Brukt som pollensort hos oss
– Særs godt eigna til direktesal seint i sesongen