← Tilbake til frukt og bær

Moreller

Merchant

Sesong / modning: Tidleg juli

Mellom Burlat og Prim 3.1 treng me nokon som held fortet. Der kjem Merchant inn.

Dette er ein engelsk sort som vart introdusert i Noreg på byrjinga av 1980-talet, og som har funne seg ein svært nyttig plass blant dei tidlege morellene våre. Merchant er riktberande, modnar mykje av avlinga på same tid og leverer flotte, mellomstore bær med imponerande god smak så tidleg i sesongen.

Og så har me den evige diskusjonen:

Er Merchant eigentleg ei kjøttmorell eller ikkje?

Det spørsmålet ser ikkje ut til å ha fått noko endeleg svar, sjølv etter fleire tiår. Når me haustar Merchant, verkar ho fast i fisken og kan absolutt minne om ei skikkeleg kjøttmorell. Men etter nokre dagar med lagring og transport kan ho mjukne raskare enn dei verkeleg faste sortane.

Så kanskje ho er det når ho forlèt treet – og har ombestemt seg når ho kjem fram?

For oss som kan selje henne fersk betyr diskusjonen uansett mindre. Rett frå treet er Merchant ei svært god morell, og kundane veit å setje pris på henne når ho dukkar opp.

Ein annan fordel er at mykje av avlinga modnar nokså samla. Dermed treng me ikkje gå like mange hausterundar gjennom trea som hos sortar der bæra modnar litt her og litt der over lang tid.

Merchant har kanskje ikkje fått den same legendestatusen som enkelte av dei store namna lenger ute i sesongen.

Men akkurat der ho står i kalenderen, gjer ho ein svært viktig jobb:

Burlat har gjort sitt. Prim 3.1 er på veg.

Merchant held fortet.

– Flotte, mellomstore og særs velsmakande bær
– Fyller tomrommet mellom dei aller tidlegaste sortane
– Gode og stabile avlingar kvart år
– Mykje av avlinga modnar samtidig – treng relativt få hausterundar
– Engelsk sort, introdusert i Noreg på byrjinga av 1980-talet
– Treng ein kompatibel pollinator
– Uavklart om ho er lauskjøta eller ei ekte kjøttmorell – diskusjonen held fram