Moreller
Prim 3.1
Det må vere noko av det tristaste namnet som nokon gong er gitt til ei morell. Det høyrest mest ut som om sorten aldri kom seg heilt ut av forsøksstadiet på laboratoriet, før nokon plutseleg sleppte han laus til dyrkarane og oppdaga at dei hadde gløymt å gi han eit skikkeleg namn.
«Jaja, me kallar han Prim 3.1.»
Men namnet til side – dette er faktisk ei svært god morell.
Det finst sortar som modnar tidlegare, men Prim 3.1 er den tidlegaste av dei verkelege kjøttmorellene våre. Her begynner me for alvor å få den kombinasjonen me ventar på gjennom våren: store og flotte bær, skikkeleg knasande konsistens og ein smak som endeleg seier at no er me komne til den delen av sesongen der morellene verkeleg begynner å bli alvor.
Bæra er store, svært tiltalande og gode på smak, medan trea kan levere store avlingar. Og nettopp fordi Prim 3.1 kjem så tidleg, blir ho fort ein publikumsfavoritt. Dei første tidlege morellene har allereie gitt oss smaken av sesong – men dette er gjerne den første sorten der ein kan plukke opp eit stort, fast og sprøtt bær og tenkje:
Der ja. No snakkar me morell.
På mange måtar er Prim 3.1 den første komplette morella me haustar i løpet av sesongen.
Så sorten er det absolutt ingenting gale med.
– Store avlingar
– Store og svært tiltalande bær
– Særs tidleg
– Den tidlegaste skikkelege kjøttmorella vår
– Svært god smak og knasande konsistens
– Publikumfavoritt så tidleg i sesongen
– Den første «komplette» morella me haustar
– Men det namnet då… Kva i alle dagar tenkte dei på?