Plommer
Avalon
Avalon er ein relativt ung plommesort, utvikla i England og introdusert på midten av 1980-talet. Men sjølv om historia hennar ikkje strekkjer seg fleire hundre år tilbake, treng ho heller ikkje særleg lang tid på å gjere inntrykk.
Etter underteikna si meining skjer det nemleg noko ganske spesielt dersom Avalon får lov til å henge på treet heilt til ho er skikkeleg moden.
Då kan det vere grunn til å setje seg ned etterpå.
Smaken er så kompleks og samansett, og går i så mange retningar på ein gong, at det nesten er vanskeleg å beskrive han på ein rettferdig måte. Her er kraftig og karakteristisk plommesmak, enorm sødme og samtidig nok frisk syre til å balansere det heile. På toppen av det er frukta så saftig at det nærmast er umogleg å ete ei fullmoden Avalon utan å grise litt.
Og akkurat slik skal det vere.
Fruktene er store, og trea leverer gode avlingar nærmast kvart einaste år. Det finst vel eigentleg ikkje noko slikt som den fullkomne plomma – eller den fullkomne frukta, for den del – men skal eg peike på den sorten som kjem nærast, uansett fruktslag, då er Avalon ein svært sterk kandidat.
Men sjølvsagt måtte det vere noko.
Avalon toler regn omtrent like godt som enkelte morellsortar gjer. Når fruktene nærmar seg full modning, sprekk dei lett – faktisk lettare enn nokon annan plommesort me dyrkar. Dei er også ømtolige for støyt og handtering, og brune flekkar kan fort dukke opp dersom ein ikkje behandlar dei forsiktig.
Så dette er ikkje nødvendigvis den enklaste plomma.
Men når du står med ei perfekt moden Avalon rett frå treet, sluttar du ganske fort å bry deg om det.
Nesten så tårene trillar.
– Bør ha Victoria i nærleiken for god pollinering
– Toler regn svært dårleg og sprekk lett
– Ømtolig for støyt og kan lett få brune flekkar
– Store frukter og svært gode avlingar
– Ei nærmast ubeskriveleg smaksoppleving – nesten så tårene trillar
– Det blir fort veldig mange kilo
– Faretruande lett å ete for mange – med dei konsekvensane det kan medføre