Plommer
Excalibur
Skal du ha eit monster av ei plomme, då skal du ha Excalibur.
Her er det ikkje nødvendigvis talet på plommer som imponerer mest. Avlingane er moderate, men når kvar enkelt frukt kan bli enorm, kjem kiloa likevel fort. Dei største plommene våre kan nærme seg 150 gram stykket.
Det har også ein hyggeleg bieffekt for dyrkaren:
Tynning? Stort sett unødvendig.
Excalibur har eit kraftig og fyldig fruktkjøt, er særs saftig og har ein god, tydeleg og klassisk plommearoma. Får frukta henge lenge nok og modne skikkeleg på treet, slepp steinen også kjøtet fint.
Og så er det namnet.
Excalibur har ein påfallande lang stilk, og eg har meir enn éin gong lurt på om det er her namnet kjem frå. Den enorme plomma er steinen – og den lange stilken er sjølvaste Excalibur, sverdet i steinen.
Om det faktisk er forklaringa, er ei heilt anna sak. Men me held gjerne på teorien. 😀
Sorten treng pollinering frå ein kompatibel nabo, og hos oss ser Victoria ut til å vere svært glad i å ta den jobben.
Excalibur har etter kvart fått sin eigen faste tilhengjarskare. Det er ikkje så vanskeleg å forstå: Ho ser fantastisk ut, smakar svært godt og har ein storleik som gjer at folk gjerne må sjå ein ekstra gong.
Så dette monsteret har me ingen planar om å bli kvitt.
Excalibur skal få svinge sverdet her i mange år framover.
– Enorme frukter – dei største kan nærme seg 150 gram per plomme
– Moderate avlingar, men storleiken gir likevel mykje vekt
– Lite eller ikkje behov for tynning
– Kraftig og fyldig plommekjøt
– Særs saftig med tydeleg og klassisk plommearoma
– Steinen slepp fint når frukta får modne skikkeleg
– Treng kompatibel pollinator – Victoria gjer ein god jobb hos oss
– Særs tiltalande utsjånad
– Har sin eigen faste tilhengjarskare
– Eit monster av ei plomme