Pærer
Ingeborg
Om du ber nokon teikne ei pære, er det ganske stor sjanse for at resultatet liknar på Ingeborg.
Dette er ei norsk-svensk utvikla pære med Conference i familien, og ho har den klassiske pæreforma akkurat slik ein forventar at ei pære skal sjå ut. Ingeborg vart introdusert i kommersiell dyrking rundt tusenårsskiftet og har sidan etablert seg som ein av dei to viktigaste pæresortane i norsk produksjon.
Smaken kjem verkeleg til sin rett når frukta får tid til å modne skikkeleg. Pærer som skal gjennom fruktlager, pakking, transport og butikk må naturleg nok haustast tidlegare enn dei me kan selje direkte frå garden. Får Ingeborg henge litt lenger på treet og utvikle seg vidare, blir ho ei svært god pære med flott smak og konsistens.
Samtidig er dette ei framifrå lagringspære. Ved rett temperatur kan Ingeborg lagrast i fleire månader, noko som er ein viktig eigenskap for ein sort som skal ut til forbrukarar lenge etter at haustinga er over.
Alt er likevel ikkje problemfritt. Ingeborg kan ha ein tendens til vekselbering, der eit år med stor avling kan bli følgt av eit langt rolegare år. Ho ser også ut til å vere meir utsett for tegeskadar enn fleire av dei andre pæresortane våre.
Men som klassisk norsk produksjonspære har Ingeborg gjort seg fortent til plassen sin.
– Klassisk pæreform – akkurat slik ei pære «skal» sjå ut
– Store frukter
– Svært god på smak når ho får modne skikkeleg
– Framifrå lagringseigenskapar
– Vekselbering kan vere ei utfordring
– Meir utsett for tegeskadar enn fleire andre sortar