← Tilbake til frukt og bær

Plommer

Opal

Sesong / modning: Tidleg august

Opal

Ein gong var Opal sjølve hovudsorten i norsk kommersiell plommedyrking.

I dag er omfanget kraftig redusert – og noko av problemet er eigentleg at Opal kan vere altfor flink til å lage plommer.

Sorten er sjølvfertil og kan enkelte år setje heilt enorme mengder frukt. Opal er i utgangspunktet ei relativt lita plomme, og det blir ikkje akkurat betre når treet plutseleg ser meir ut som ei drueplante enn eit plommetre.

Då begynner jobben.

På dei verste trea kan ein fort bruke over ein time berre på tynning. Det går kanskje greitt på eitt tre. Har du eit par tusen av dei, begynner motivasjonen å forsvinne ein stad mellom plomme nummer 700 og 800. 😀

Det er synd på eitt vis, for Opal er særs god på smak. Ho er søt, saftig og har ein klassisk plommesmak som har gjort henne populær gjennom mange tiår. Men ho kan bråmodne fort, og når ho først er moden, er ikkje levetida i omsetning spesielt lang.

Hos oss er Opal framleis blant dei fem plommesortane me har mest av, men talet blir redusert litt etter litt. På sikt vil ho først og fremst få vere ein viktig pollensort og eit tidleg alternativ til Edda.

Og akkurat der går det prestisje i saka.

Edda og Opal kjempar nemleg om å vere først ut med norske plommer.

Edda er norsk. Opal er svensk. Treng eg eigentleg seie meir? 😀

– Svensk sort og tidlegare ein av dei viktigaste kommersielle plommesortane
– Tidleg – konkurrerer med Edda om å vere først ut
– Relativt lita plomme
– Særs god, søt og saftig smak
– Sjølvfertil og kan gi enorme mengder frukt
– Kan krevje ekstremt mykje tynning enkelte år
– Kan bråmodne svært fort
– Avgrensa haldbarheit når ho først er moden
– Litt tendens til vekselbering
– Framleis blant dei fem største sortane våre, men blir gradvis redusert
– Vil framover vere viktig først og fremst som pollensort og tidlegplomme