← Tilbake til frukt og bær

Rips

Raude rips – Raud Hollandsk

Sesong / modning: Juli ut august

Raude rips har vel dei fleste av oss sett nebbet i ein eller annan gong.

Friske, syrlege og intenst smakfulle bær som høyrer sommaren til – og som kan brukast til omtrent alt frå dessertar og kaker til saft, gelé og syltetøy.

Her på garden dyrkar me Raud Hollandsk, ein gammal og svært riktberande sort som har vore med i norske hagar i generasjonar. Det finst ei heil rekkje raude ripssortar, men Raud Hollandsk er ein av dei verkelege gjengangarane.

Og det er lett å forstå kvifor.

Buskane produserer store mengder flotte, raude bær på lange klasar, og produksjonen strekkjer seg hos oss over kring to månader. Smaken er akkurat slik rips skal vere: frisk, syrleg og med nok kraft til at ansiktet kanskje strammar seg ørlite på dei første bæra. 😀

Raud Hollandsk er også eit trufast innslag i miksglasa våre. Nokre raude rips mellom jordbær, bringebær og moreller gir både farge og eit friskt syrleg spark mellom alt det søte.

Men Morellmannen har framleis ein favoritt.

Rips. Sukker. Iskald mjølk.

Når den skåla kjem på bordet, då er sommaren verkeleg i gang.

– Raud Hollandsk – ein gammal og velkjend ripssort
– Rips på sitt beste – frisk, syrleg og full av smak
– Særs riktberande med store avlingar
– Lange og flotte klasar med raude bær
– Produksjon hos oss over kring to månader
– Ein gjengangar i norske hagar gjennom generasjonar
– Eit trufast innslag i miksglasa våre
– Rips, sukker og iskald mjølk – då er sommaren verkeleg i gang