← Tilbake til frukt og bær

Rips

Blanke rips – Kvit Hollandsk

Sesong / modning: Juli ut august

Blanke rips – Kvit Hollandsk

Dette er nok den minst kjende fargevarianten av rips, og mange som ser blanke rips for første gong forventar gjerne at dei skal smake heilt annleis enn dei raude.

Men med fare for å trakke rett inn i diskusjonen om gulost er gulost:

Rips er rips. 😀

Det finst mange ulike ripssortar med forskjellige eigenskapar, men sjølve fargen treng ikkje bety at smaken er fundamentalt annleis. Den blanke varianten me dyrkar er Kvit Hollandsk, ein gammal sort som leverer enorme mengder nesten gjennomsiktige, lyse bær.

Og når me seier riktberande, meiner me det.

Buskane kan bli fulle av lange klasar med blanke rips, og bæra har akkurat det ein forventar av skikkeleg rips: Dei er friske, intenst syrlege og fulle av den karakteristiske ripssmaken.

Dei ser berre litt annleis ut.

Ulempa kjem når vêret bestemmer seg for å vere skikkeleg vestlandsk. Modne rips toler regn dårleg, og mykje nedbør kan fort øydeleggje bæra og gjere ein lovande avling langt mindre imponerande.

Men får me dei modne og fine fram til kjøkkenet, veit i alle fall Morellmannen nøyaktig kva dei skal brukast til.

Rips. Sukker. Kald mjølk.

Favorittdesserten. Då er eg solgt.

Og om nokon framleis meiner at blanke rips ikkje er skikkelege rips?

Gulost er gulost. 😀

– Kvit Hollandsk – ein blank og lite kjend variant av rips
– Nesten gjennomsiktige, lyse bær
– Særs riktberande med enorme avlingar
– Frisk, intenst syrleg og klassisk ripssmak
– Fargen er annleis – men rips er framleis rips
– Modne bær kan fort ta skade av mykje regn
– Flotte lange klasar med bær
– Rips, sukker og mjølk – favorittdesserten til Morellmannen
– Gulost er gulost osv. 😀