Jordbær
Falco
Falco er ein nederlandskutvikla, juniberande jordbærsort som trivst svært godt i tabletop-dyrking.
Og her er det først og fremst smaken som imponerer. Falco har den skikkeleg gode, klassiske jordbærsmaken – den typen som minner om kvifor jordbær og sommar høyrer så godt saman. Etter vårt syn er dette ein reell utfordrar til gamle smaksklassikarar som Senga Sengana og Korona, og det er ikkje småtteri å bli samanlikna med dei.
Falco har også ei viktig oppgåve i dyrkingssystemet vårt. Dei remonterande sortane kan gjerne ta ein naturleg pause i produksjonen ein periode i juni. Det er akkurat då Falco kjem for fullt og fyller gapet med ei konsentrert avling.
Avlingane er meir moderate enn hos dei mest produktive sortane våre, men bæra er store, flotte og svært tiltalande. Dei har også vist seg å ha imponerande lagringseigenskapar.
I tillegg har Falco god motstandskraft mot fleire soppsjukdomar. Det reduserer behovet for plantevern og passar svært godt inn i måten me ønskjer å dyrke på.
Så Falco vinn kanskje ikkje konkurransen om flest kilo.
Men på smak, kvalitet og tidspunkt er han vanskeleg å komme utanom.
– Store, flotte bær med svært god, klassisk jordbærsmak
– Produserer når dei remonterande sortane gjerne tek ein pause
– Moderate avlingar
– Svært gode lagringseigenskapar
– God motstandskraft mot soppsjukdomar – lite behov for plantevern
– Nederlandskutvikla sort