Pærer
Clara Frijs
Grøn eller raud?
Det går ein liten, men høgst reell debatt blant pæreentusiastane om kva som eigentleg er den beste av dei kompakte pærene: Den grøne Clara Frijs – eller den raudkinna Celina.
Me skal prøve å halde oss nokolunde nøytrale her. Nokolunde.
Clara Frijs er ei kompakt pære som svært mange har eit nært forhold til, og det er lett å forstå kvifor. Fruktene er små til mellomstore, akkurat passe store når ein berre skal ha eit raskt pæreinntak utan å forplikte seg til eit heilt måltid.
Smaken er klassisk pære på sitt beste: søt, saftig og svært god. Dette er ein av dei sortane som kanskje ikkje treng å finne opp pæra på nytt – ho berre leverer akkurat det mange meiner ei skikkeleg god pære skal smake.
Clara Frijs modnar omtrent samtidig med Celina, gjerne nokre dagar tidlegare, og høyrer til blant dei mellomtidlege sortane våre.
Lagringseigenskapane er ikkje på nivå med dei aller beste lagringspærene, men dei er gode nok til at frukta kan handterast, pakkast og sendast ut på marknaden. Og med den sterke posisjonen Clara Frijs har blant norske pæreelskarar, er det ikkje særleg overraskande at ho framleis er ein av hovudsortane i norsk pæredyrking.
Så kva er best – grøn eller raud?
Me dyrkar begge.
Men om Morellmannen sjølv blir pressa til å velje, har me vel allereie avslørt svaret under Celina. 😀
– Ein av hovudsortane i norsk pæredyrking
– Små til mellomstore, kompakte frukter
– Svært søt og god, klassisk pæresmak
– Moderate lagringseigenskapar
– Mellomtidleg sort
– Den grøne utfordraren i den evige kampen mot Celina