Moreller
Vanda
Nokon fekk tydelegvis ikkje nok av Van, medan andre ikkje fekk nok av Kordia. Begge er svært gode morellsortar, kvar med sine sterke sider – og nokre eigenskapar ein gjerne kunne vore forutan.
Så kva skjer når ein kombinerer dei to? Kor gale kan det gå – eller kanskje viktigare: kor bra kan det bli?
Svaret er Vanda.
Dette er ein ekstremt riktberande sort med flotte, mellomstore bær som skil seg ut frå mengda. Og smaken? Ja, den lever absolutt opp til slekta.
Vanda modnar litt før dei fleste av dei store hovudsortane våre, men har samtidig sin heilt eigen karakter. Under den gode sødmen ligg ei tydeleg, frisk syre som gir smaken ein ekstra dimensjon samanlikna med mange av dei andre sortane som modnar på same tid.
Men her må ein ha litt is i magen: Bæra bør få henge til dei er tilnærma svarte. Det kan sjå ut som om ein har venta litt for lenge – men det er nettopp då Vanda verkeleg viser kva ho er god for.
Og då er ho himmelsk.
– Litt eksotisk og framleis ganske ukjend
– Flotte bær som bør få bli tilnærma svarte – då er dei himmelske
– Svært store avlingar
– Det beste frå to verder