Jordbær
Favori
Namnet kunne kanskje vore nokre bokstavar lengre – i alle fall sett frå ståstaden til dyrkaren. For Favori har verkeleg gjort seg fortent til namnet sitt.
Favori er ein nederlandskutvikla, remonterande jordbærsort med ein produksjon som nesten kan verke uverkeleg. Under gode forhold leverer plantene bær igjen og igjen gjennom ein sesong på nærmare fem månader. Når andre jordbærsortar for lengst har takka for seg, held Favori fram – og fram – og fram.
Men enorme avlingar hadde ikkje vore særleg interessante dersom bæra ikkje var gode.
Og det er dei.
Favori er etter vårt syn ein av dei aller beste remonterande sortane på smak, med ein flott balanse mellom sødme og frisk syre. Bæra er store, fine og svært tiltalande i korgene, samtidig som dei har gode lagringseigenskapar og toler handtering godt.
Tilbakemeldingane frå kundane er òg svært gode, og når ein sort kombinerer smak, utsjånad, haldbarheit og nesten absurd produksjon gjennom ein heil sesong, skal det mykje til for å gi slepp på han.
Favori er gjerne noko av det aller første me haustar når sesongen startar i byrjina av mai.
Og når resten av frukta er komen i hus langt utpå hausten?
Då står Favori gjerne framleis der og produserer til langt uti oktober.
– Enorme avlingar – remonterande gjennom nesten fem månader
– Store, flotte og tiltalande bær
– Svært god smak med fin balanse mellom sødme og syre
– Gode lagringseigenskapar
– Nederlandskutvikla sort
– Det første – og det siste – me haustar i løpet av sesongen