Plommer
Reine Claude Grøn
Reine Claude grøn
Ho er lita. Ho er grøn. Og for den som aldri har sett henne før, ser ho gjerne ut som ei plomme som burde fått henge på treet eit par veker til.
Så smakar dei.
Reine Claude grøn er ein gammal dessertsort og kan godt vere ein kandidat til den søtaste plomma som finst. Når ho er fullmoden, er sukkerinnhaldet og den intense plommesmaken nesten på eit nivå der ein lurer på om naturen har juksa litt.
Trea er riktberande og kan bli fulle av små grøne plommer. Tynning er det liten grunn til å bruke tid på – Reine Claude blir ikkje særleg stor uansett, og det er smaken, ikkje storleiken, som er heile poenget.
Nettopp storleiken var også ein av grunnane til at sorten forsvann ut av moderne kommersiell dyrking. I tillegg får det sarte skalet lett skadar og misfarging, og ei lita grøn plomme har ein tung jobb når ho skal konkurrere i butikkhylla mot store, perfekte og fargerike sortar.
Rett frå treet er saka ei heilt anna.
Blant dei som kjenner sorten, er Reine Claude høgt verdsett. Blant førstegongssmakarane møter me gjerne litt meir skepsis.
«Er den verkeleg moden?»
Ja.
Berre smak.
Her på garden er Reine Claude blitt ein liten raritet. Me har ikkje mykje – kanskje knappe 100 kilo i året – men dei kiloa har ein tendens til å finne kjøparane sine.
For når ein først har lært at grøn ikkje betyr umoden, er det lett å forstå kvifor denne gamle plomma framleis har sine svært lojale tilhengarar.
– Gammal dessertsort, no utfasa frå kommersiell dyrking
– Lita og grøn – også når ho er fullmoden
– Søt med stor S – kanskje den søtaste plomma som finst
– Store avlingar, men liten frukt uansett tynning
– Svært god og intens smak rett frå treet
– Sart skal som lett får skadar og misfarging
– Populær blant kjennarar – møtt med skepsis av dei som aldri har sett henne før
– Ein raritet her på garden – knappe 100 kilo i året