← Tilbake til frukt og bær

Moreller

Sweet Gabriel

Sesong / modning: Midten av juli

Sweet Gabriel er ein italienskutvikla sort som kanskje ikkje treng å rope høgast for å gjere seg bemerka.

For dette er rett og slett ei skikkeleg morell.

Trea er riktberande og leverer stabile, gode avlingar med store og svært flotte bær. Smaken har ein fin balanse mellom sødme og frisk syre – ingen av delane tek fullstendig overhand, og resultatet er ein harmonisk og klassisk morellsmak kombinert med ein god, sprø konsistens.

Sweet Gabriel har også ei viktig oppgåve i den lange morellsesongen vår.

Når dei aller tidlegaste sortane begynner å takke for seg, men dei mellomseine tungvektarane enno ikkje er heilt klare, treng me nokon som byggjer bru mellom dei.

Der kjem Sweet Gabriel inn.

Men for å få jobben gjort må ho ha dei rette naboane. Sweet Gabriel er avhengig av kompatibelt pollen for å gi gode avlingar, og aktuelle pollinatorar kan vere andre sortar i Sweet-serien eller kompatible tsjekkiske sortar som står rundt henne.

Når pollineringa sit og resten av forholda spelar på lag, er Sweet Gabriel til gjengjeld ein svært påliteleg sort som leverer år etter år.

Ho er kanskje ikkje morella med den mest ekstreme sødmen, dei aller største avlingane eller den villaste historia.

Ho treng heller ikkje vere det.

Store flotte bær. Sprø konsistens. Balansert smak. Gode avlingar.

Ei ekte morell.

– Riktberande med gode og stabile avlingar
– Store og svært flotte bær
– Sprø og god konsistens
– Flott balanse mellom sødme og frisk syre
– Viktig bru mellom dei tidlege og mellomseine sortane
– Treng ein kompatibel pollinator for å gi gode avlingar
– Italienskutvikla sort
– Ei ekte morell