Moreller
Vega
Kongen av dei gule morellene.
I alle fall om du spør Morellmannen – og akkurat her er det ikkje særleg mykje rom for diskusjon. 😀
Vega ser nesten ut som om nokon har teke Van og laga ein gul utgåve. Den same litt stutte, kompakte forma, store og flotte bær og ein konsistens som faktisk kan måle seg med Van når det kjem til knasande sprøtt fruktkjøt.
Men så kjem smaken.
Vega er ekstremt søt – kanskje endå søtare enn Van – og kombinerer sødmen med ein fyldig morellsmak og ein sprø konsistens som gjer at ho høyrer heime heilt øvst på smakstigen i morellverda. Ikkje berre blant dei gule sortane.
Blant alle.
Og utsjånaden hjelper sjølvsagt på. Gule moreller får alltid merksemd, og Vega er ein av dei sortane folk gjerne stoppar opp ved og lurer på kva i all verda dei ser på. Når dei først får smake, blir det vanlegvis ikkje færre spørsmål – men ofte fleire Vega i korga.
Dette er først og fremst ei morell for direktesal. Ho fortener å bli hausta moden og eten fersk, ikkje bruke livet sitt på ei lang reise gjennom pakking, lager og transport.
Så kva er ulempa?
Vel… det kunne gjerne vore fleire av dei.
Vega er ikkje akkurat avlingsmeisteren i morellhagen. Faktisk kan ho godt vere blant sortane våre med aller lågast avling. Men når ein står med eit perfekt modent Vega-bær i handa, er det vanskeleg å halde akkurat det mot henne.
For den smaken.
Og det utsjånaden.
Nokon gonger får kvalitet berre slå kvantitet.
Vega er ein kanadiskutvikla sort som kom til Noreg på 1970-talet, og mange tiår seinare sit ho framleis trygt på trona her på garden.
– Etter vårt syn den beste gule morella
– Ekstremt søt – kanskje endå søtare enn Van
– Knasande sprø konsistens
– Smakar og opplevest minst like godt som ho ser ut
– Heilt i toppen på smak – også samanlikna med raude morellsortar
– Relativt låge avlingar – kvalitet framfor kvantitet
– Særs godt eigna til direktesal og konsum heilt fersk
– Populær blant morellkjennarane
– Kanadiskutvikla sort, innført til Noreg på 1970-talet
– Kongen av dei gule morellene