FRUKT OG BÆR

Dette dyrkar me

Me dyrkar over 30 ulike frukt- og bærtypar på Sekse i Hardanger. Mange av dei har fleire sortar under seg – berre morellane omfattar 24 sortar.

TYPE

Epler

Me har ein lang eplehaust, byrjer tidleg august og slutter i midten av oktober. Me har dei fleste aktuelle sortene som lar seg dyrke. Likevel, epler er berre ein liten del av det me held på med.

1 sortar

TYPE

Moreller

Moreller er hjartebarnet til Morellmannen, og me er så glade i frukta at me har valgt at garden skal ha modne moreller lengst mogeleg, heile 9 veker frå slutten av juni og ut august månad på eitt normalår, du får ikkje meir sommar enn moreller.

17 sortar

Areko

Slutten av juli

Areko vart introdusert her på garden i 2023, og for å seie det mildt: Me har ikkje angra eitt sekund. Dette er ein særs…

Burlat

Slutten av juni på eitt normalår

Når ein har gått ein heil vinter og vår og venta på moreller, blir jakta på dei aller tidlegaste sortane nesten som jakta på…

Dönnissens Gelbe

August

Gule moreller er alltid litt av ein raritet. Men dei aller fleste såkalla gule sortane juksar eigentleg litt – når dei blir modne, får…

Final 13.1

Slutten av august / byrjinga av september

Final 13.1 Endå ein sort der ein kanskje kunne vurdert eit litt meir fantasifullt namn. Men akkurat her skal dei i det minste ha…

Folfer

Midten av juli

Folfer skal eigentleg vere ei enorm morell. Problemet var berre at ho i fleire år ikkje såg ut til å ha fått med seg…

Irena

Midten av august

Når sommaren begynner å gå mot slutten og dei fleste morellsortane for lengst har gjort sitt, dukkar Irena opp. Dette er ein tsjekkiskutvikla søstersort…

Kordia

Byrjinga av august

Kordia er ein av dei verkelege tungvektarane i europeisk morelldyrking, og ein viktig sort også i fleire andre delar av verda. Det er ikkje…

Lapins

Byrjinga av august

Skal ein peike ut éin hovudsort i norsk morelldyrking, er det vanskeleg å kome utanom Lapins. Dette er den klart dominerande sorten her til…

Merchant

Tidleg juli

Mellom Burlat og Prim 3.1 treng me nokon som held fortet. Der kjem Merchant inn. Dette er ein engelsk sort som vart introdusert i…

Pillango

Byrjinga av august

Me har nokre av dei såkalla gule morellsortane også. Pillango får rett nok raude kinn etter kvart som ho modnar, men under raudfargen er…

Prim 3.1

Seint juni / tidleg juli

Det må vere noko av det tristaste namnet som nokon gong er gitt til ei morell. Det høyrest mest ut som om sorten aldri…

Sweet Gabriel

Midten av juli

Sweet Gabriel er ein italienskutvikla sort som kanskje ikkje treng å rope høgast for å gjere seg bemerka. For dette er rett og slett…

Sweetheart

Sweetheart har vore rekna som ein verkeleg sein morellsort i mange tiår. Og ja – sein er ho. Men skal me først vente så…

Tamara

Byrjinga av august

Sjølvaste dronninga av moreller. Ingen over, ingen ved sida av. Og no må de Van-folk snart slutta å klaga og innsjå at det er…

Techlovan

Midten av juli

Skal me berre snakke om smak, er Techlovan blant topp tre. Utan diskusjon. Faktisk kan det hende me må heilt til topps. Ei korg…

Van

Slutten av juli

Morellen som folk flest tenkjer på når dei skal ha moreller? Det er Van. Det finst visst ikkje andre sortar enn Van. :D Vel,…

Vanda

Midten av juli

Nokon fekk tydelegvis ikkje nok av Van, medan andre ikkje fekk nok av Kordia. Begge er svært gode morellsortar, kvar med sine sterke sider…

TYPE

Plommer

Fyrste teiknet på haust er sjølvsagt plommer når ein bur på fruktgard. Vel, om ikkje hausten er igong så er den vertfall ikkje langt unna. Norske plommer veit me er heilt i verdsklasse kva det gjeld sødme, konsistens og aroma. Me har også her valgt å strekke sesongen så langt det går frå slutten av juli til midten av september.

1 sortar

TYPE

Bringebær

Bringebær er mange sin favoritt, og me dyrker dei både på friland og i tunnell, fleire varianter. Frå midten av juli og ut september.

3 sortar

TYPE

Jordbær

Ein sommer utan jordbær er begredelige greier altså. Me har valgt å lage det til med jordbærplanter som tjuvstarter lenge før sommaren er igong, og når dei tek ein liten pustepause i juni så tek dei vanlege sommarbæra over, før dei andre kjem att i midten av juli og produserer til langt uti oktober om høva litt til rette for det. Nærare seks månader med jordbær det..

3 sortar

TYPE

Pærer

Pærer er den frukta me har mest tre av, og dertil mest tonnasje. Kort og hektisk sesong, midten av august til midten av september med ein rekke varianter alt etter smak og utsjånad.

8 sortar

TYPE

Rips

Skal du ete noe skikkelig friskt ein lat sommerdag, gjerne med litt sukker og fløte til, kanskje til og med vaniljesaus, då er det rips som setter standarden.

0 sortar
Ingen sortar er lagde inn her enno.

TYPE

Stikkelsbær

Eitt underlig velsmakande bær som har så mykje beskyttelse i form av pigger på greinene sine at det er ikkje alltid like morosamt å hauste dei, men likevel, dei høyrer til i sesong.

0 sortar
Ingen sortar er lagde inn her enno.