← Tilbake til frukt og bær

Moreller

Tamara

Sesong / modning: Byrjinga av august og to veker frem

Sjølvaste dronninga av moreller. Ingen over, ingen ved sida av. Og no må de Van-folk snart slutta å klaga og innsjå at det er ein ny sjef i byen. 😀

Tamara gir dei største morellene me dyrkar, med ein gjennomsnittleg storleik på over 30 mm. Smaken er så søt at det nesten er vanskeleg å finne dei rette orda – dette er utan tvil den søtaste morellsorten me har.

Morellene er store og hjarteforma, med ein fantastisk knasande konsistens. Avlingane er òg imponerande og kan nesten måle seg med Lapins, men utan at sorten av den grunn treng tynning for å levere den kvaliteten me ønskjer.

Tamara vart introdusert her på garden i 2014 og har sidan vakse fram til å bli den viktigaste morellsorten me dyrkar – på omtrent alle tenkjelege måtar.

Sorten er utvikla i Tsjekkia og er ei kryssing mellom den mindre kjende “Krupnoplodnaja” og sjølvaste legenden “Van”.

Så Van-folket kan i det minste trøyste seg med at den gamle sjefen framleis er med i slekta.

– Suveren
– Enorme bær – gjennomsnittleg over 30 mm
– Knasande sprø og svært søt
– Publikumsfavoritt nr. 1