← Tilbake til frukt og bær

Solbær

Solbær

Sesong / modning: Juli og august

Solbær er kanskje ikkje bæret ein et flest nevar av rett frå busken, men du verda kva ein kan lage av det.

Den kraftige, friske og karakteristiske smaken gjer solbær fantastisk til saft, syltetøy og ikkje minst konsentrat. Nokre få bær er nok til å setje eit skikkeleg smakspreg på det dei blir blanda saman med.

Sorten me dyrkar heiter Hedda, ein nordisk sort som hos oss er særs riktberande. Buskane produserer store, flotte bær på halvlange klasar, og når dei først kjem i gang, blir det fort mykje å hauste.

Solbær er også ein viktig ingrediens i dei etter kvart godt kjende miksglasa våre. Mellom søte jordbær, bringebær og moreller kjem solbæra inn med både mørk farge og eit skikkeleg friskt spark.

Og så er dei små svarte bæra reine næringspakkane.

Solbær er særs rike på vitamin C – rundt 50 gram kan vere nok til å dekkje dagsbehovet til ein vaksen – og inneheld også mykje antioksidantar.

God smak, flotte bær og proppfulle av godsaker.

Det er ikkje verst for eit lite svart bær.
– Hedda – nordisk solbærsort
– Frisk, kraftig og karakteristisk solbærsmak
– Særs riktberande
– Store og flotte bær på halvlange klasar
– Svært godt eigna til saft, konsentrat, syltetøy og foredling
– Ein viktig ingrediens i miksglasa våre
– Særs rik på vitamin C
– Rundt 50 gram kan dekkje dagsbehovet for vitamin C hos ein vaksen
– Rik på antioksidantar
– Små svarte bær med mykje å by på