← Tilbake til frukt og bær

Moreller

Lapins

Sesong / modning: Byrjinga av august

Skal ein peike ut éin hovudsort i norsk morelldyrking, er det vanskeleg å kome utanom Lapins.

Dette er den klart dominerande sorten her til lands, og omkring ni av ti norske morelltre har vore oppgitt å vere Lapins. Det høyrest nesten absurd ut – heilt til ein ser kva denne sorten kan prestere.

For enkelte år er Lapins den ubestridde noregsmeisteren i avling.

Trea kan bere så ekstremt mykje frukt at greinene bokstaveleg tala kan knekke under vekta. Då er det berre å bite tennene saman og begynne å tynne, same kor vondt det gjer å rive av store mengder tilsynelatande perfekte moreller.

Og det er nødvendig av to grunnar.

Med altfor mykje frukt på treet blir bæra mindre, og når klasane heng tett i tett, får fukt og soppsporar langt betre arbeidsvilkår enn me ønskjer. Litt færre moreller kan dermed gi langt betre moreller – og friskare frukt.

Den enorme avlingsevna er nok ein viktig del av forklaringa på kvifor Lapins har fått ein så dominerande posisjon blant norske dyrkarar. Når mykje av avlinga i tillegg modnar innanfor eit relativt konsentrert tidsrom, får ein ein sort som er svært effektiv å produsere kommersielt.

Og bæra er slett ikkje verst heller.

Får Lapins henge lenge nok på treet, utviklar ho svært god smak. Bæra er mellomstore til store, saftige og med ein fast, knasande konsistens som plasserer sorten blant dei sprøare morellene me dyrkar.

Lapins har også eit anna ess i ermet: Ho er sjølvfertil og samtidig ein viktig pollinator for ei rekkje andre morellsortar.

Og nettopp der ligg hovudoppgåva hennar hos oss i dag.

Me har ikkje mange Lapins-tre lenger, men dei få som står att har ein viktig jobb som «far» i morellfaunaen vår. Med så mange ulike sortar rundt omkring trengst det gode pollinatorar, og der er Lapins ein svært nyttig kar å ha ståande mellom rekkjene.

Historia bak sorten er også ganske spesiell. Lapins vart utvikla i Canada av Karlis O. Lapins, ein latviskfødd fruktforedlar som kom til Canada etter å ha forlate Latvia. Han vart ein viktig person innan utviklinga av moderne morellsortar, ikkje minst sjølvfertile sortar.

Og så var det namnet.

Lapin betyr nemleg kanin på fransk.

Når ein ser korleis denne sorten kan produsere enkelte år, er det nesten freistande å tru at namnet var planlagt.

Formerar seg som kaninar…

– Den klart viktigaste og mest utbreidde morellsorten i Noreg
– Kan gi ekstreme avlingar enkelte år – då må det tynnast
– Avlingane kan bli så store at greiner knekk under vekta
– Mellomsein sort med relativt konsentrert hausting
– Mellomstore til store bær med svært god smak når dei får henge lenge nok
– Fast og knasande sprø konsistens
– Sjølvfertil og ein svært viktig pollinator for andre sortar
– Utvikla i Canada av den latviskfødde fruktforedlaren Karlis O. Lapins
– Hos oss er hovudjobben hennar i dag å vere «far» i morellfaunaen
– Og ja – lapin betyr kanin på fransk. Formerar seg som…