← Tilbake til frukt og bær

Bringebær

Lagorai

Sesong / modning: Frå byrjinga av juni og så lenge det er temperaturer over 10 grader på snittet

Lagorai er hovudsorten vår på bringebær – og det er ikkje utan grunn.

Dette er ein remonterande italiensk sort som under dei rette forholda kan halde fram med å produsere bær i opptil fem månader i strekk. I staden for éin kort og intens avling kjem det nye bær igjen og igjen, og i høgsesongen kan mengdene vere formidable kvar einaste dag.

Bæra er store, flotte og jamne, med god smak og svært fin kvalitet. Smaksopplevinga kan kanskje vere litt tørrare enn hos den evige bringebærkongen Glen Ample – men det er omtrent der me må leite for å finne noko å pirke på.

For når ein sort kombinerer flotte, store bær med ein ekstremt lang sesong og enorme avlingar, er det ikkje vanskeleg å forstå kvifor Lagorai har fått hovudrolla hos oss.

– Flotte, store bær
– God smak
– Remonterande – kan gi avling i opptil fem månader
– Svært store avlingar
– Italiensk sort