← Tilbake til frukt og bær

Moreller

Kordia

Sesong / modning: Byrjinga av august

Kordia er ein av dei verkelege tungvektarane i europeisk morelldyrking, og ein viktig sort også i fleire andre delar av verda. Det er ikkje særleg vanskeleg å forstå kvifor.

Dette er rett og slett eit lokomotiv av ei morell.

Trea er ekstremt riktberande og kan levere enorme mengder frukt år etter år. Faktisk har me erfart at Kordia gjerne må tynnast for å halde avlinga på eit nivå der bæra får utvikle den storleiken og kvaliteten dei har potensial til.

For potensialet er det ingenting å seie på.

Bæra er store, flotte og karakteristisk hjarteforma. Så tydeleg hjarteforma at ein nesten skulle tru det var der namnet kom frå – men så enkelt ser det dessverre ikkje ut til å vere. 😀

Smaken er upåklageleg, med flott sødme og ein rik, klassisk morellkarakter. Konsistensen går godt i retning av sprø, sjølv om ho ikkje har den heilt ekstreme knasen me finn hos sortar som Van og Tamara.

Men Kordia treng heller ikkje vinne absolutt alle konkurransar.

Når ein sort kombinerer svært god smak, flotte hjarteforma bær og avlingar som får greinene til å lure på kva dei har gjort gale, begynner totalpakken å bli ganske imponerande.

Kordia har tsjekkisk opphav og vart funnen fram på 1960-talet, før sorten for alvor kom inn i kommersiell dyrking seinare. Sidan den gong har ho etablert seg som ein av dei store internasjonale morellsortane – og har dessutan vore brukt som forelder til fleire nyare sortar.

Så Kordia er ikkje berre ein viktig morell i seg sjølv.

Ho har også vore med på å forme morellene som kom etter henne.

– Ein av dei viktigaste morellsortane i Europa
– Svært høge og stabile avlingar
– Bør tynnast for å få fram optimal bærstorleik
– Store, flotte og karakteristisk hjarteforma bær
– Svært god og klassisk morellsmak
– Fast og sprø konsistens, men ikkje heilt på Van- og Tamara-nivå
– Tsjekkisk sort med historie tilbake til 1960-talet
– Eit lokomotiv av ei morell