← Tilbake til frukt og bær

Pærer

Herrepære

Sesong / modning: Seint september

Herrepære er ein skikkeleg gammal travar i pæreverda, med røter heilt tilbake til Belgia på midten av 1800-talet. Og den som utvikla denne sorten må ha vore svært glad i søte pærer – for her vart det definitivt ikkje spart på sødmen.

Fruktene varierer ein del i storleik, frå små til mellomstore, men det er først når ein set tennene i dei at Herrepære verkeleg viser kvifor ho framleis fortener ein plass i sortimentet.

Fruktkjøtet er friskt og saftig, med mykje sødme og ein ganske særprega pæresmak som skil seg frå mange av dei moderne sortane. Dette er rett og slett ei tradisjonell pære frå ei tid då smak kanskje fekk telje litt meir enn kor mange veker frukta kunne liggje på eit lager.

For lagring er nemleg ikkje den sterkaste sida til Herrepære.

Men du veit – når ein først er pærefantast, skal pærene etast, ikkje lagrast.

Avlingane er brukbare utan å vere ekstreme, og i ei verd der stadig nye sortar kjem til, er Herrepære ein av dei gamle skattane det begynner å bli langt vanskelegare å få tak i.

– Tradisjonell, gammal pæresort
– Sjeldan å få tak i
– Særs søt, saftig og med ein heilt eigen pæresmak
– Brukbare avlingar
– Ikkje skapt for langtidslagring – skapt for å etast