← Tilbake til frukt og bær

Pærer

Celina (QTee)

Sesong / modning: Tidleg september

Det er utan tvil Morellmannen si favorittpære.

Celina er den raudkinna pæra som «alle» snakkar om – og når ho er skikkeleg moden, er det ikkje særleg vanskeleg å forstå kvifor.

Sorten vart utvikla i eit norsk-svensk foredlingssamarbeid på slutten av 1990-talet og har på relativt kort tid gått frå å vere ein nykomar til å bli ein viktig sort langt utanfor Skandinavia. På den internasjonale marknaden møter ein henne oftast under merkenamnet QTee. Me mistenkjer at nokon ein eller annan stad meinte Celina ikkje var internasjonalt nok – men pæra er heldigvis den same. 😀

Celina er ei litt utypisk pære. Den kompakte forma og det flotte raude kinnet gjer at ho skil seg ut lenge før ein har smakt henne. Ho nærmast lyser mot deg mellom dei meir tradisjonelle pærene.

Men det er når ein set tennene i henne at moroa verkeleg begynner.

Saftig, søt og aromatisk, med flott konsistens og ein smak som etter vårt syn plasserer Celina heilt i verdsklasse. Dette er ei av dei pærene som kan få folk til å stoppe opp etter første bit og innsjå at ei pære kan vere noko langt meir enn berre… ei pære.

Trea er riktberande og leverer stabile avlingar år etter år, sjølv om dei gjerne må få litt hjelp med tynning for at frukta skal utvikle seg optimalt.

Celina er framleis ung samanlikna med dei verkeleg gamle pæresortane.

Men legendarisk?

Det byrjar ho allereie å bli.

– Ung sort – men på god veg til å bli ein klassikar
– Nydeleg utsjånad med karakteristiske raude kinn
– Smak heilt i verdstoppen
– Riktberande og stabile avlingar – bør tynnast
– Til og med eplefolket må motvillig nikke anerkjennande