← Tilbake til frukt og bær

Pærer

Broket Juli

Sesong / modning: Midten av august

Er du svolten på pærer og har gått og venta på at sesongen skal kome i gang, då kjenner du kanskje allereie til Broket Juli.

Dette er den aller tidlegaste pæresorten me dyrkar, og ho modnar i god tid før resten av feltet begynner å tenkje på å bli hausteklart.

Namnet tek rett nok munnen litt full. Nei – me haustar vanlegvis ikkje Broket Juli i juli. Men enkelte år har dei første fruktene vore klare heilt i byrjinga av august, og det er tidleg nok til at det kjennest ganske fantastisk når ein har venta på ferske pærer sidan året før.

Og smaken skuffar ikkje. Dette er skikkeleg god, klassisk pæresmak i små til mellomstore frukter.

Men Broket Juli har det travelt også etter at ho er hausta.

Dette er ei svært mjuk og ømtolig pære som verken toler særleg mykje transport eller lagring. Når ho først er moden, bør vegen frå tre til mage vere kort – helst berre ein dag eller to. Dette er med andre ord ikkje pæra ein legg til sides og tenkjer at ein skal ta neste veke.

Men det gjer eigentleg ikkje så mykje.

For kvart einaste år kjem det same augeblikket: Den første Broket Juli er moden, den første pæra blir plukka – og pæresesongen er i gang igjen.

I tillegg til å vere først ut av startblokka er sorten også ein viktig pollinator for fleire av dei andre pæresortane våre.

– Den aller tidlegaste pæresorten vår
– Små til mellomstore frukter
– Svært god, klassisk pæresmak
– Mjuk og ømtolig – toler lite lagring og transport
– Bør etast innan få dagar etter hausting
– Viktig pollinator for fleire pæresortar