← Tilbake til frukt og bær

Moreller

Techlovan

Sesong / modning: Midten av juli

Skal me berre snakke om smak, er Techlovan blant topp tre. Utan diskusjon.

Faktisk kan det hende me må heilt til topps.

Ei korg med skikkeleg moden Techlovan er rett og slett ein fest å ete seg gjennom. Får bæra henge lenge nok til at dei blir ordentleg mørke, utviklar dei ein djup, intens og fantastisk morellsmak som gjer det svært vanskeleg å peike på noko som er betre.

Me snakkar framleis berre om smaken, altså.

For skal heile morella vurderast, blir konkurransen brutal. Bæra er svære, flotte å sjå til og trea leverer gode avlingar år etter år. Men Techlovan manglar kanskje akkurat den siste, ekstreme knasen ein får når ein set tennene i ei perfekt Tamara.

Og kanskje er det nettopp derfor Techlovan må nøye seg med ein plass heilt oppe blant topp tre, i staden for å få krona åleine.

Kanskje.

Det er frykteleg vanskeleg å vere dommar når kandidatane smakar slik.

Techlovan er utvikla i Tsjekkia og er ei kryssing mellom 2xVan og Kordia. Med to slike sortar i slekta var forventningane kanskje høge frå starten av – men resultatet må likevel kunne kallast eit lite meisterverk.

Dette er også ein av dei første verkelege tungvektarane som dukkar opp i morellsesongen. Når Techlovan begynner å bli mørk og moden på trea, då har me for alvor kome inn i den delen av sommaren der morellsmaken kan nå heilt til topps.

For ei morell.

– Ein av dei første verkelege tungvektarane på smak i morellsesongen
– Blant våre topp tre på smak – kanskje heilt på topp når ho er perfekt moden
– Store og svært flotte bær
– Gode og stabile avlingar
– Tsjekkisk kryssing mellom Van og Kordia
– Treng ein kompatibel pollinator
– Ikkje fullt så knasande sprø som enkelte av dei aller fastaste sortane
– Eit lite meisterverk av ei morell