Epler
Raud Gravenstein
Denne trur me ikkje det er særleg mange nordmenn som ikkje har høyrt om.
Raud Gravenstein er kanskje den mest kjende eplesorten i Noreg – i alle fall blant dei me faktisk kan dyrke her til lands. Pink Lady får halde på den internasjonale kjendistittelen; her i Hardanger er det Gravenstein som er ein av dei verkeleg store klassikarane.
Gravenstein vart planta i Hardanger så tidleg som i 1792, og har sidan vore ein hjørnestein i epleproduksjonen i regionen. Generasjonar har vakse opp med Gravenstein, og sorten har opparbeidd seg ei stilling som ikkje akkurat har vist seg enkel å rokke ved.
Mang ein ivrig aktør i handelsleddet har gjennom åra prøvd å erklære at no er tida inne for å erstatte denne gamle klassikaren med noko nyare og meir moderne.
Det har ikkje alltid gått heilt etter planen.
For kundane vil framleis ha Gravenstein. Og enkelte gonger kan det nesten verke som om dei som prøver å fjerne sorten forsvinn før eplet gjer det. 😀
Frå gammalt av var Gravenstein også eit viktig lagringseple utover hausten og vinteren, og sorten har gode lagringseigenskapar. Men det er den ferske smaksopplevinga som verkeleg forklarer kvifor folk framleis spør etter han.
Fruktene er store, knasande sprø og fulle av frisk syre og klassisk eplearoma. Og saftige?
Så saftige at det nesten burde vore forbode å setje tennene i eit utan å ha ein plan for kvar all eplesafta skal ta vegen.
Den kraftige smaken og det høge saftinnhaldet gjer også Gravenstein fantastisk til eplemost. Dette er eit eple som fungerer like godt rett frå treet som pressa på flaske.
Det nøyaktige opphavet er ikkje heilt sikkert, men historia fortel at Gravenstein skal ha dukka opp for fleire hundre år sidan ved Gråsten sør i Danmark. Sorten finst både i gul og raud variant, men det er den raude me snakkar om her.
Nye eplesortar kjem til heile tida. Nokre blir verande, andre forsvinn igjen.
Gravenstein?
Han ser ut til å vere udødeleg.
– Knasande sprø og ekstremt saftig
– Masse frisk syre og klassisk eplearoma
– Store frukter og gode avlingar
– Fantastisk både til eplemost og direkte konsum
– Ein av dei verkeleg store klassikarane i norsk epledyrking
– Udødeleg