Pærer
Fridtjof
Det finst pærer med mannsnamn også – og Fridtjof er ein av dei.
Hos oss har han først og fremst fått ei svært viktig oppgåve: Fridtjof er den viktigaste pollinatoren me har for Celina, og dermed ein av grunnane til at favorittpæra vår kan levere gode avlingar år etter år.
Men det er nesten litt urettferdig å omtale Fridtjof berre som pollinator.
For han er faktisk ikkje så hakkande galen som pære sjølv heller.
Fruktene er mellomstore til store, flotte og klassisk pæreforma. Når dei modnar, kan dei få eit svakt rosa kinn på solsida – berre nokre få kvadratcentimeter med farge som avslører kvar sola har treft best. Smaken er god, og pærene har i tillegg svært gode lagringseigenskapar og kan halde seg fine i fleire månader under rette forhold.
Trea kan enkelte år gi svært gode avlingar, men pollinering er tydelegvis ein jobb som går begge vegar. Sjølv om Fridtjof hjelper Celina, treng han sjølv pollen frå ein annan kompatibel sort – hos oss kan til dømes Herrepære bidra med den jobben.
Fridtjof er norskutvikla, akkurat som Celina, men vart neppe utvikla med ein framtidig karriere som «han som pollinerer Celina» som den store draumen.
Det er kanskje på tide å gi han litt meir merksemd for det han faktisk er:
Ei skikkeleg god pære.
– Fortener å bli dyrka for meir enn berre pollinering
– Viktig pollinator for Celina
– Mellomstore til store og tiltalande frukter
– God, klassisk pæresmak
– Svakt rosa kinn på solsida når ho er moden
– Svært gode lagringseigenskapar – kan lagrast i fleire månader