Moreller
Folfer
Folfer skal eigentleg vere ei enorm morell.
Problemet var berre at ho i fleire år ikkje såg ut til å ha fått med seg akkurat det sjølv.
Dette er ein franskutvikla, mellomsein sort som passar svært godt inn i sesongen mellom Sweet Gabriel og Areko. På kontinentet er Folfer kjend for store bær, gode avlingar og kvalitetar som gjer henne svært godt eigna for konsum – og det var sjølvsagt noko av grunnen til at me planta henne her også.
Dei første åra gjorde oss likevel litt usikre.
Avlingane var små, og enkelte av bæra utvikla uforklarlege korkaktige parti i skalet. Spørsmålet begynte etter kvart å melde seg om Folfer rett og slett ikkje treivst særleg godt i vårt klima.
Så kom 2026.
Og plutseleg bestemte Folfer seg for å sparke frå slik ho heile tida hadde vore reklamert med lenger sør i Europa.
Store avlingar. Store, flotte og saftige bær. Sprø konsistens, moderat sødme og eit utsjånad som verkeleg gjer seg i korga. Litt korkdanning kan framleis dukke opp på enkelte bær, men når resten av treet leverer slik det no gjer, er det langt enklare å tilgi.
Så etter nokre år med tvil ser Folfer no ut til å vere på full fart inn som ein av hovudsortane våre framover.
Og så har ho ein eigenskap som ikkje nødvendigvis betyr så mykje når bæra skal haustast, men som er vanskeleg å ikkje leggje merke til om våren.
Blomane.
Folfer har uvanleg store og flotte blomsterblad og kan godt vere kandidaten til den vakraste morellblomen me har. Når trea står i full blomstring, skil dei seg faktisk ut frå resten.
Så kanskje Folfer berre trong litt tid.
No ser det i alle fall ut som ho har tenkt å bli verande.
– Svært store og flotte bær
– Sprø konsistens og svært saftige
– Mellomsøt og god morellsmak
– Mellomsein sort – fyller gapet mellom Sweet Gabriel og Areko
– Flott utsjånad, sjølv om enkelte bær kan få korkaktige parti i skalet
– Etter fleire usikre år – omsider store og gode avlingar
– Franskutvikla sort retta mot konsum-marknaden
– På veg til å bli ein av hovudsortane våre
– Kanskje den vakraste morellblomen på garden? Store og særprega blomsterblad