← Tilbake til frukt og bær

Moreller

Final 13.1

Sesong / modning: Slutten av august / byrjinga av september

Final 13.1

Endå ein sort der ein kanskje kunne vurdert eit litt meir fantasifullt namn. Men akkurat her skal dei i det minste ha litt ros – Final forklarer ganske godt kva denne morella driv med.

Ho avsluttar festen.

Nesten to månader etter at me har ete den første Burlat-morella og erklært morellsesongen for opna, heng Final 13.1 framleis på trea og tek livet med ro. Når ho endeleg er klar til hausting, har me for lengst arbeidd oss gjennom ei lang rekkje morellsortar og er gjerne så godt i gang med plommesesongen at me nesten har gløymt at Final 13.1 eksisterer. 😀

Men så står ho der.

Dette er ei knasande sprø morell med mellomstore til store bær, gode avlingar og ein smak som absolutt er ein finale verdig. Bæra har fått svært lang tid på å utvikle og modne seg, og resultatet er ei god og karakteristisk morell på eit tidspunkt der ein eigentleg ikkje forventar å finne norske moreller lenger.

Faktisk kjem dei så seint at folk av og til lurer på om me har begynt å selje importerte moreller.

Nei då.

Dei har berre brukt frykteleg god tid.

Final 13.1 er kanskje ikkje sorten som får mest merksemd gjennom året, men ho har ei heilt spesiell oppgåve. Burlat får æra av å opne morellsesongen – Final 13.1 får slå av lyset når festen er over.

Og etter nesten ni veker med moreller er det eigentleg ein ganske verdig måte å avslutte på.

Ei ekte haustmorell.

– Ein verdig finale på ein nesten ni veker lang morellsesong
– Ekstremt sein – den siste morellsorten me haustar
– Mellomstore til store bær
– Gode avlingar
– God smak og passe knasande sprø
– Så sein at folk spør om det er importerte moreller
– Burlat opnar festen – Final 13.1 slår av lyset
– Ei ekte haustmorell