← Tilbake til frukt og bær

Plommer

Edda

Sesong / modning: Slutten av juli / byrjinga august

Nokon må vere først.

Og når den norske, kommersielle plommesesongen skal i gang, er Edda ein av dei som får æra av å opne ballet.

Edda er ein norskutvikla plommesort som vart introdusert for kommersiell dyrking rundt 1970. I foredlinga finn me mellom anna gamle Czar og den langt mindre kjende Prune Pêche, og resultatet vart ein sort som har halde seg aktuell i norsk plommedyrking i mange tiår.

Ikkje fordi trea druknar oss i plommer.

Det gjer dei definitivt ikkje.

Edda er snarare ein av sortane der tynningsarbeidet kan gjennomførast ganske effektivt ved å gå forbi treet og finne på noko anna.

Men det er heilt greitt, for Edda har ein annan viktig jobb hos oss: Ho er den tidlegaste av dei kommersielle plommesortane våre som me kan levere til fruktlageret.

Og etter å ha venta eit heilt år er det rett og slett godt å komme i gang med plommene igjen.

Smaken er også interessant fordi ein til ein viss grad kan bestemme sjølv kva slags Edda ein ønskjer.

Et ein henne medan ho framleis er fast og spenstig, får ein ei frisk og tydeleg syre som mange kundar elskar. Let ein henne derimot henge lenger på treet og bli godt moden og mjukare, trekkjer syra seg tilbake og langt meir sødme kjem fram.

Same plomme – ganske forskjellige opplevingar.

Det har gjort Edda til ein liten publikumsfavoritt gjennom mange år, og ho har framleis ein sjølvsagd plass hos oss sjølv om avlingane ikkje akkurat får greinene til å be om nåde.

Enkelte år kan ho, på same måte som Mallard, også vere litt utsett for plommepung.

Men me tilgir mykje når dei første norske plommene endeleg er klare.

Edda betyr at plommesesongen er i gang.

– Norskutvikla sort, introdusert for kommersiell dyrking rundt 1970
– Tidleg – opnar den kommersielle plommesesongen hos oss
– Frisk og syrleg når ho er fast – søtare når ho får henge og modne lenger
– Veldig god smak som utviklar seg tydeleg med modningsgraden
– Populær blant kundane
– Moderate til små avlingar
– Treng ikkje tynnast – for å seie det mildt
– Litt utsett for plommepung enkelte år, til liks med Mallard