Moreller
Dönnissens Gelbe
Gule moreller er alltid litt av ein raritet. Men dei aller fleste såkalla gule sortane juksar eigentleg litt – når dei blir modne, får dei gjerne raude eller rosa kinn og er dermed ikkje heilt gule likevel.
Det ville mannen bak denne sorten, Hr. Dönnissen, tydelegvis gjere noko med.
Så han laga like godt ei morell som er dønn gul.
Her er det ingen raude kinn, ingen rosa solside og ingen antydning til andre fargar. Moden Dönnissens Gelbe er gul. Heilt gul. Og det gjer henne til eit ganske spesielt syn blant alle dei raude og mørke morellene i sesongen.
Heldigvis er det ikkje berre utsjånaden som er spesiell. Bæra er mellomstore, særs søte og har ein fin, lett knasande konsistens. Sorten modnar halvseint i morellsesongen og gir moderate avlingar.
Men den lyse gulfargen kjem med ei bakside. Bæra er ømtolige for slag og handtering, og det skal svært lite til før det kjem misfarging og brune merke i skalet. Dei bør derfor behandlast pent – og helst ikkje sendast ut på ei altfor lang reise.
Som mange gamle sortar har Dönnissens Gelbe kanskje ikkje alle eigenskapane moderne frukthandel ønskjer seg.
Men ho er dønn gul, ho smakar fantastisk, og ho er framleis her.
Det tel for ganske mykje.
– Dønn gul – ingen raude kinn her
– Mellomstore bær
– Moderate avlingar
– Halvsein gul sort
– Særs god på smak og med fin, sprø konsistens
– Blir diverre lett misfarga av slag og handtering
– Eldre tysk sort