Epler
Discovery
Discovery har vore med i frukthagane i Hardanger i over to generasjonar allereie, etter at sorten kom frå England og inn i norsk dyrking på byrjinga av 1970-talet.
Og ho har definitivt gjort seg fortent til plassen.
Discovery er ein viktig sort som kan levere enorme avlingar av flotte, sprø og saftige eple. Smaken har ein svært fin balanse mellom sødme og frisk syre – akkurat nok av begge delar til at ingen av dei tek overhand.
Dette er rett og slett eit skikkeleg godt eple.
For dyrkaren har Discovery fleire gode sider. Ho er ein viktig pollinator for ei rekkje andre eplesortar, samtidig som dei store og stabile avlingane gjer sitt for å halde eplebonden sin lommebok nokolunde fornøgd.
Haldbarheita er også brukbar. Under gode lagringsforhold kan Discovery halde seg fint heilt fram mot jul, sjølv om dei fleste for lengst er etne opp før den tid.
Men Discovery markerer også noko heilt spesielt i fruktåret.
Når denne sorten for alvor begynner å bli hausteklar, har sommaren gjort sitt. Dagane blir kortare, temperaturen søkk og me er midt inne i den store eplehaustinga.
Ein kan trygt seie at hausten har kome når Discovery-sesongen er i gang.
Farvel til sommaren.
No er det epla som bestemmer tempoet.
– Engelsk sort, introdusert i norsk dyrking på byrjinga av 1970-talet
– Har vore ein viktig del av frukthagane i Hardanger i over to generasjonar
– Sprø og saftige eple
– Svært fin balanse mellom sødme og frisk syre
– Enorme og stabile avlingar, må difor tynnast
– Viktig pollinator for fleire andre eplesortar
– Brukbare lagringseigenskapar – kan under rette forhold lagrast fram mot jul
– Ein viktig sort også for eplebonden si lommebok
– Når Discovery er klar, då har hausten verkeleg kome til Hardanger