Moreller
Burlat
Når ein har gått ein heil vinter og vår og venta på moreller, blir jakta på dei aller tidlegaste sortane nesten som jakta på den heilage gralen. Det finst mange kandidatar – men Burlat har halde stand blant dei første i svært mange år.
Burlat er ein fransk sort som har vore dyrka i Noreg i fleire tiår. Dei siste tjue åra har det derimot blitt nærmast umogleg å levere han til fruktlageret. Grunnen er ganske enkel: Burlat er ei lauskjøta morell som ikkje akkurat er kjend for å vere fast i fisken.
Lagring og lang transport er med andre ord ikkje favorittøvinga.
Men det Burlat manglar i haldbarheit, tek han grundig igjen på andre område. Blant dei aller tidlegaste sortane er dette etter vårt syn ein av dei beste på smak. Bæra er flotte og store til å vere så tidlege, og sorten leverer ei stabil, moderat avling år etter år.
Og Burlat har éi oppgåve som kanskje er viktigare enn alle dei andre:
Når dei første korgene med Burlat blir hausta, då er morellsesongen offisielt i gang.
Derfrå dundrar det vidare, sort etter sort, dei neste ni vekene.
– Svært god på smak
– Ekstremt tidleg
– Flotte bær og stabil, moderat avling
– Laus i kjøtet – best når ho er heilt fersk