Moreller
Pillango
Me har nokre av dei såkalla gule morellsortane også. Pillango får rett nok raude kinn etter kvart som ho modnar, men under raudfargen er dette definitivt ei gul morell.
Og som vanleg kjem spørsmåla: Er dei modne? Er det kirsebær? Eller kva i all verda er dette for noko?
Pillango er ei svært søt morell med flotte, mellomstore bær og gode, stabile avlingar år etter år. Ho er ein klar favoritt blant dei som er på jakt etter gule moreller, og smaken skil seg ein del frå det mange forbind med den klassiske morellsmaken.
Men Pillango har også ei svak side.
Fruktkjøtet er forholdsvis mjukt, og dette er definitivt ikkje den beste gule sorten dersom bæra skal lagrast, pakkast og transporterast langt. Dei får lett trykkmerke, blir fort misfarga og kan etter kvart bli brune.
Men kven seier at alle moreller må reise langt?
Haust Pillango moden frå treet og et henne same dagen, så forsvinn mykje av problemet. Då står ein att med det som eigentleg betyr mest:
Ei fantastisk god morell.
– Flotte og imponerande bær
– Svært søte, med ein smak som skil seg frå den typiske morellsmaken
– Gode og stabile avlingar
– Aller best dagsfersk